Korleis har me det i Vinje? Her er resultat frå folkehelseundersøkinga 2025

I haust svara folk i heile Telemark – også mange frå Vinje, heile 48% av dei spurde – på korleis dei har det i kvardagen. Resultata er no klare!

Dette gjer oss glade:

  • Dei fleste seier dei trivst godt og føler seg trygge der dei bur.
  • Mange har god tilgang til natur og friluftsliv - noko som styrkjer både helse og humør
  • Livskvaliteten blant innbyggjarane ligg generelt høgt

Dette bør me jobbe vidare med:

  • Unge vaksne rapporterar meir stress, søvnproblem og psykiske plager
  • Einsamheit rammar fleire enn før
  • Nokre slit med økonomien, noko som påverkar helse og deltaking

Takk til alle som deltok - svara dine betyr mykje og er eit viktig grunnlag for folkehelsearbeidet vårt🌸

👉 Her kan du lese meir om undersøkinga og resultata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?