Vaksinering mot smittsam hjernehinnebetennelse

Vinje kommune tilbyr gratis vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse, til ungdom som er fødd i 2007, 2008 og 2009, og er busett i Vinje.

Vaksina gjev beskyttelse i minst 5 år, så om du har tatt vaksina før treng du ikkje ta den på nytt i år.

Ungdom som har fylt 16 år er helserettsleg myndige, og treng ikkje samtykke frå føresette for å ta vaksina. Har du enno ikkje fylt 16 år, må du difor få samtykke frå føresette. Ta kontakt med oss om dette gjeld deg.

Bestill time 

Ta kontakt med Tone M. Heggtveit for å gjera avtale om vaksinering. 
📞94 87 28 20. Du kan ringe eller sende sms.

Informasjon om smittsam hjernehinnebetennelse/meningokokksjukdom

Sjukdomen førekjem ikkje ofte i Noreg, men ungdom i alderen 16-19 år har høgare risiko for smitte enn resten av befolkninga. Tett kontakt med andre ungdomar, festing, høgt alkoholinntak eller bruk av andre rusmiddel, deling av glas/flasker, samt lite søvn, kan auke risikoen for smitte og for at sjukdomen får eit alvorleg forløp. Sjukdomen utviklar seg ofte raskt, og omkring 10 % av dei som utviklar sjukdom døyr.

Det finst fleire typer meningokokkbakteriar. Dei typene som er mest vanlege i Noreg er typene A, C, W og Y, og det er kombinasjonsvaksine mot desse typene me tilbyr.

Om du skal på reise til land utanfor Norden med auka risiko for smitte (russeturar og andre reiser med festing og tett kontakt med andre ungdomar over fleire dagar) bør du vaksinere deg mot type B i tillegg. Ta kontakt med helsestasjonen eller fastlegen for meir informasjon om dette.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?