UKM-fylkesfestival i Bø!
Helga 18.-19.april går UKM-fylkesfestival av stabelen, ein festival som går over 2 dagar, med overnatting for alle deltakarar, på Gullbring i Bø.
UKM står for Ung Kultur Møtast og er ein sosial arena for ung kultur. Det er ikkje lenger ein konkurranse, men eit arrangement av og for unge.
UKM er for fleire enn dei som vil stå på ei scene. Det krev mange hender for å få til eit arrangement på denne storleiken.
I år er det mange som er med som unge arrangørar frå Vinje. Dei skal bidra som ljod/ljos teknikkarar, nokon skal stå bak kamera, nokon er artistvertar, nokon skal sitje i sekretariatet og nokon er med som koordinator og produsent.
For dei som vil fylgje konsertane er det ein konsert på laurdag og ein konsert på sundag. Scenebidraga frå Vinje er fordelt på desse to konsertane. Konsertane vil også bli livestreama.
👉 Meir informasjon om UKM-fylkesfestival finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Frå Vinje er det desse som skal vera med:
Scenebidrag:
- Elisabeth Christenson - Song/piano, "Den neste som drar"
- Ivan Vypenk - Trompet, "Rock around the clock"
- Hakke Peiling - Band, "All the small things"
- Julie Sofie Hegnastykket-Dokken - Song, "On my mind"
- Sigrid Langen - Hardingfele, "Galningen"
- 4 steps -Dans, "Wish you the best"
- Ritzz - Band, "Joyful youth"
Utstilling:
- "Formula 1" - Emma Bråstøyl
- "Venom" - Liv Mondal Ljostad
- " 3-D printa sjakkbrikker" - NoTorjus
- "Lengsel" - Elisabeth Christenson
Media:
- Andreas Holte - Kamera
- Emma Bråstøyl - Kamera
Arrangør:
- Einar Høgetveit - Ljodteknikk
- Mubarek Nasser - Ljosteknikk
- Baste Mondal Ljostad - Artistvert, koordinator/produsent
- Sondre Mølster byggland - Artistvert, koordinator/produsent
- Liv Mondal Ljostad - Info/sekretariat, kooridnator/produsent
- Sunniva Tveito - Artistvert, Info/sekretariat, kooridnator/produsent
- Kristine Tveito - Artistvert, Info/sekretariat, kooridnator/produsent
- William Kyed - Artistvert, kooridnator/produsent
Sist oppdatert
