Vinje fekk prisen for årets UKM-kommune i Telemark!
UKM-prisen går til ein kommune som har gjort eit spesielt stykke arbeid for å satse på UKM i sin kommune, og Vinje har hatt eit stort fokus på unge arrangørar!
Gratulere så mykje til Vinje crew👏👏

Ein skulle tru at UKM (Ung Kultur Møtast) er for dei som likar å stå på ein scene og syne det dei er gode på. Det stemmer litt, men ikkje heilt. For å få til eit UKM er ein av heilt avhengig av krefter på alle plan.
Kulturskulerektor Stine Beate Mondal Ljostad fortel at i I Vinje er me så heldige å ha 10 ungdomar som sidan oktober har arbeida systematisk og konsekvent med å lage eit arrangement som skal vere av og med ungdom. Ungdomane har fått opplæring i kva UKM er og kan vere, kome me idear, fått opplæring å i styre ljos og ljod, laga lister og jobba i sekretatiatet, dei har kontakta aktuelle workshophaldarar, kutta frukt og blåst ballongar, bore tungt og rigga scene, vore del av kamera-crew og nokon har vore konferansierar.
Som lokal arrangør, kan du vere så heldig at du får bidra på fylkesfestival. Etter årets UKM i Vinje, fekk heile crewet vere med på fylkesfestival på Gullbring i Bø.
Det var stort, sosialt, slitsomt, gøy, utviklande, latter, smil og enorm stå på vilje! Me jobba mange timar, men hadde mykje sosialt med kveldsdisco i bassenget, karaoke, bli-kjent aktivitetar, god mat og overnatting i idrottshallen. Her blir ein kjent på tvers av kommunane i Telemark, samt interesseområdet innanfor kulturfeltet.
Høgdepunktet for ungdomane var nok det sosiale og den profesjonelle riggen kring konsertane, men for meg, rektor i kulturskulen var høgdepunktet å sjå glad og engasjert ungdom som utfordra seg på alle plan og som vaks eit par centimeter ila arrangementet. Ein kjempebonus var det at Vinje blei kåra til årets regionale UKM-kommune i Telemark, grunna satsinga på unge arrangørar. Å bli lagt merke til i visjonane ein har og i tillegg feire det med dei som har gjort visjonen verkeleg var fantastisk! At ungdom set av frititida si til å arbeide frivillig og lage arrangement for andre, det er rørande!
Årets UKM-crew er over, til neste år vil me lyse ut nye plassar! Då håpar eg at mange av dei som var med i år blir med eit år til og at dei nye som vil vere med på laget kjenner seg verdset og velkomen. All ungdom har noko å bidra med på UKM, det er berre å finne den rette plassen!
Med helsing
Kulturskulerektor Stine Beate Mondal Ljostad
Sist oppdatert
