Er du nysgjerrig på kva kognitiv åtferdsterapi er?

Ynskjer du meir kunnskap om vanlege psykiske utfordringar? Eller kanskje du vil lære nyttige verktøy for å handtere vanskelege tankar og kjensler?

Då kan du melde deg på eit digitalt introduksjonskurs i kognitiv åtferdsterapi, i regi av Rask Psykisk Helsehjelp i Vest-Telemark. Kurset passar for alle som ynskjer meir innsikt i eiga psykisk helse og konkrete strategiar i kvardagen.

Kurset blir halde den fyrste torsdagen kvar månad, med oppstart 7. mai. Det varer i 3 timar, frå kl. 12.00–15.00, og går digitalt.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål om kurset på e-post:
rph@vest-telemark.no

Meld deg på via kontaktskjema på heimesida vår her
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Plakat åtferdsterapi 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?