Seniordagane 2026: Generasjonsleikane i Vinje

Generasjonsleikane blir arrangert på Edland stadion, sundag 31. mai frå klokka 12.00-15.00.

Arrangementet er ein del av Seniordagane i Vinje 2026.

Kva er Generasjonsleikane?

Generasjonsleikane handlar om å vere aktive saman! Barn, foreldre og besteforeldre – ulike generasjonar som er i aktivitet gjennom idrett og leik. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det morosamt, ikkje å vinne. Laga som består av minst to generasjonar, er med på fleire ulike aktivitetar. Desse er lagt til rette slik at alle skal kunne vere med, uansett alder og aktivitetsnivå.

Korleis bli med på Generasjonsleikane?
Sett saman eit lag på 2-5 personar, til dømes to barn, tante og nabo-bestefar, eller mor og to barn – heilt opp til dykk. Undervegs i leikane kan de ta del i fleire ulike idrettar og spel. De treng ikkje å trene aktivt eller ha treningsklede for å vere med. Her møter du opp som du er.

Dette er ein del av seniordagane i Vinje og me samarbeider med Senter for Aldersvennleg Norge., Arrangørar er Vinje kommune, IL Rein, Øvre Vinje Sanitetslag og Øvre Vinje pensjonistlag.

Håpar me sjåast!

Les meir om Seniordagane i Vinje her

Generasjonsleikane stor 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?