Vinje er på god veg mot å bli ein demensvenleg kommune

Vinje kommune har teke eit viktig steg mot å bli eit endå meir inkluderande og omsorgsfullt lokalsamfunn. Gjennom samarbeid med Nasjonalforeininga for folkehelsa har me sett i gang arbeidet med å bli ein demensvenleg kommune.

Eit sentralt tiltak i dette arbeidet er eit kort og lærerikt kurs for tilsette i service- og handelsnæringa. Kurset gir auka kunnskap om demens, og konkrete råd om korleis ein kan møte menneske med demens på ein trygg, respektfull og god måte.

Responsen frå lokalsamfunnet har vore svært positiv. I løpet av vinteren og våren har mange verksemder, i tillegg til frivillige lag og organisasjonar, teke del i opplæringa. Demenskoordinator Marianne Eriksen har besøkt ei rekkje arbeidsplassar i kommunen, og har møtt stort engasjement og vilje til å bidra.

Når tilsette føler seg trygge i møte med personar med demens, blir òg kvardagen enklare for dei det gjeld – og for pårørande. Små handlingar og litt meir kunnskap kan utgjere ein stor forskjell.

Dette arbeidet handlar om fellesskap, respekt og omtanke. Saman skapar me eit Vinje der alle kjenner seg trygge, sett og inkluderte.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?