Vinje kommune sin frivilligpris for 2025
Oppvekst- og velferdsutvalet har vedteke å gje Vinje kommune sin frivilligpris for 2025 til Margit Apeland. Prisen vart formelt delt ut på kommunestyret tysdag 19. mai.
Margit Apeland har gjennom eit heilt liv vore aktive i frivillig arbeid i idrettslag, sanitetslag og ungdomslag, med eit sterkt engasjement for å skape eit levande bygdemiljø der alle tek del.
Med åra har Margit særleg brent for at eldre – uansett helsetilstand og funksjonsnivå – skal få ein god og meiningsfull alderdom, og ho har vore ei drivkraft for utviklinga av Norheimstunet, mellom anna gjennom planlegging av ombygginga av eldresenteret til eit godt omsorgssenter tidleg på 2000-talet.
Ho meldte seg inn i Pensjonistforbundet 6. desember 2004, tok over som leiar i Øvre Vinje pensjonistlag i 2012 og har vore leiar sidan, med eit tydeleg mål om å sikre eldre ein møtestad og eit samlingspunkt i bygda, også vidare på Norheimstunet etter ombygginga.
Margit har gjennom mange år lagt ned mykje innsats for dei eldre i kommunen, og er ein viktig person for dei.
Me gratulerer Margit så mykje med frivilligprisen💐

På bilde: ordførar Jon Rikard Kleven, prisvinnar Margit Apeland og verksemdsleiar kultur og fritid Kristian W Rantala
Sist oppdatert
