Flott samarbeid om nok eit vellukka Seniorseminar
For fjerde året på rad vart Seniorseminar, som er ein del av Seniordagar i Vinje, gjennomførd ved Raulandsakademiet. Tema for Seniordagane i år er aktivitet, fellesskap og tryggleik.
Ordførar Jon Rikard Kleven ynskte velkomen med å sitere kongen, og hylle både årets vinnar av Vinje kommune sin frivilligpris, Margit Apeland, og alle seniorane i salen. Han lova også satsing på aldersvenlege utleigebustadar, og oppmoda om å ta gode bustadval i tide. Kommunedirektøren informerte om kommunal beredskap, og understreka verdien av samarbeid mellom kommunale tenester, næringsliv og frivilligheit når kriser oppstår.
Solfrid Bratland Sanda, oppvaksen i Åmot og no universitetsprofessor, heldt eit engasjerande føredrag om aktivitet utan aldersgrense, og hadde ein klar bodskap om at det aldri er for seint å oppleve gleda ved å bruke kroppen!
Vest-Telemark brann og redning IKS kom med praktisk informasjon om brannvern i eigen heim.
Elles bidrog kommunen sine eigne tilsette med nyttig informasjon om digital tryggleik, helseteknologiske hjelpemiddel og om korleis helsetenester blir søkt om og tildelt. Representant for leverandør av helseteknologi til Vinje kommune, NetNordic Care, bidrog også med informasjon om teknologiske løysingar som kan gjere kvardagen tryggare og enklare i eigen heim.
Frisklivs-fysioterapeuten vår fekk heile salen med seg i tøy og bøy til tonar av Beatles.
Dagen vart avslutta med sceneprat leia av Tor Eivind Erikstein. Her fortalde aktive seniorar om kor mykje dei sjølve får att for å delta i frivillig arbeid.
Dei musikalske innslaga stod Robertas Lamsodis og Nils Ole Lien for. Publikum ville gjerne høyrd meir, men no kan me alle gle oss til neste arrangement i regi av Seniordagane, nemleg føredrag og konsert med Kim Wigaard på Vinjehuset 28. mai. Så fylgjer generasjonsleikane på Edland 31.mai, og vidopne dører ved sjukeheimen og omsorgssentra.
Seniordagane i Vinje 2026 er eit samarbeid mellom Vinje kommune, Eldrerådet, Pensjonistlaget, Vinje Sanitetslag, Vinje Folkeakademi og IL Rein.
Sist oppdatert
