Tilbod om pårørandeskule til hausten

Pårørandeskule er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom, eller for andre interesserte (helsepersonell, frivillige m.m).

Kurset vil gå over fire kveldar frå slutten av august og ut september, med ulike tema kvar kveld.

Fyrste samlinga er 26. august frå kl. 17.00-19.30, og vil vera på Trevet i Åmot (biblioteket).

Me vil koma med meir informasjon om program og påmelding i starten av juli.

Dette er eit interkommunalt samarbeid mellom Vinje og Tokke, der demenskoordinator i Vinje står for koordinering og gjennomføring.

Ta gjerne kontakt med demenskoordinator i Vinje ved spørsmål.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?