Nytt frå Vinjelosen

Hjelp frå innbyggjarane

Eg får stadig spørsmål frå folk om bustadmoglegheiter her i Vinje. Det kan vere spørsmål om ledige husvære, kva moglegheiter som finst for å leige eller kjøp av bustad, og korleis ein kan gå fram for å finne noko som passar ut frå eigne preferansar.

Om nokon der ute kan hjelpe meg med dette, blir eg svært takksam. Det er dette eg primært treng hjelp til:

  • Nokon som har tomt til leige?
  • Nokon som har store tomter til sals?
  • Nokon som har eit småbruk de vil leige ut?
  • Nokon som vurderer å selje småbruk?
  • Nokon som har gamle hus de vil selje?

Ta kontakt med meg om du tenkjer at du kan vera behjelpeleg med eit eller fleire av punkta over.

Silje Hagen
E-post: silje.hagen@vinje.kommune.no
Telefon: 46 88 88 96

På førehand, takk for hjelpa!

signatur Vinjelosen

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?