Velkomen til møte om frivilligstrategi for Vinje kommune

Vinje kommune inviterer til samskapingsmøte om frivilligstrategi.

Har du lyst til å vere med på å påverke korleis Vinje kommune skal arbeide med frivillige? Då kan du møte opp på biblioteket i Åmot torsdag 18. juni kl. 18.00, for ein time med informasjon, gruppearbeid og dialog.

For å ha eit utgangspunkt har me sett saman eit strategiutkast som de kan laste ned og lese på førehand.

Les utkastet her pdf, 4 MB, åpnes i nytt vindu.

Me håpar du vil vere med!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?