Spreke tilsette i Vinje kommune!
Trimordninga i Vinje kommune går på det nittande året og har blitt tru tradisjon for dei tilsette. 277 tilsette i Vinje kommune leverte trimkort i år😀
Målsettinga med ordninga er å motivere tilsette til å vera i fysisk aktivitet, og at det skal vera lågterskel å vera i aktivitet. Vinje kommune som arbeidsgjevar ynskjer at dei tilsette skal ha ei god oppleving av å vera aktive. Aktivitet har ein førebyggjande helsegevinst og er gunstig for å auke jobbnærværet.
Alle deltakarane får eit gåvekort på kroner 600/1200, som blir nytta på dei lokale sportsbutikkane i Åmot og Rauland. I tillegg er det trekking av tre større premiar der 1. premien er ein sykkel frå Sport 1 Vinje verdi 12 000 kroner, 2. premien er eit gåvekort frå Rauland fjellsport på 6 000 kroner og 3. premien eit gåvekort frå Vinje kommune på 5 000 kroner.
Vinje kommune takkar Rauland fjellsport og Sport1 Vinje som støttar opp med premiar og deltek på premieutdelinga!
På bilde frå venstre: Åshild Lofthus frå Sport1 Vinje, Kjersti Torvetjønn frå Rauland fjellsport, Solveig Ullebust Hagen, 2. premie, Linda Nystog Thoresen 1. premie, Stina Agnete Helgestad 3. premie og frå Vinje kommune ass. kommunedirektør Anders Sandvik
Sist oppdatert
