Er du klar for årets stolpejakt?

15. juni går startskotet for stolpejakt i Vinje🥳

Finn du gullstolpen👀

Nytt av året i den nasjonale Stolpejakta er at det er plassert ut ein Gullstolpe 12 stader i landet. Finn du ein Gullstolpe, så får du premie i næraste Sport1 butikk. Så då oppmodar me til deltaking også andre stadar i landet enn Vinje. 

Stolpejakta er eit gratis lågterskel aktivitetstilbod for alle. Det er ein familievenleg aktivitet, for alle aldrar og nivå. Oppgåva er å finne dei ein meter høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR kode.

Det er satt ut 54 stolpar i kommunen. Tre av stolpane er ABC psykisk helse stolpar, så me håpar du tek med deg ein ven på Stolpejakt. I år har me hovudsakleg prøvd å legge opp til rundløyper rundt om i kommunen

Som vanleg har me gode medhjelparar frå Vinje IL,  IL Dyre Vaa, Haukeliseter Fjellstue, Austbø hotell, Haukelifjell Skisenter, Mogen turisthytte, Vinjesenteret, Møsstrond turisthytte og Rauland Skisenter.

Lurar du på korleis stolpejakta fungerar

  • Stolpane blir ståande ute til og med 11.oktober 2026.  me må ta atterhald om dato, dersom det kjem tidleg sno.

Premiar

Du blir med på trekning av 5 gåvekort på 1000 kroner, om du er innom 25 ulike stolpar. Vinnaren vel sjølv kor han/ho vil bruke gåvekortet innafor Vinje kommune.

Vinnarar blir kontakta og offentleggjort på Vinje kommune si heimeside etter at  Stolpejakta er avslutta.

Ha ei innbringande jakt😃

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?