Vinje kommune sin kulturpris for 2025 går til Nils Ole Lien

Etter framlegg frå Oppvekst- og velferdsutvalet i kommunestyre 16. juni, blei det gjort vedtak om å gje kulturprisen for 2025 til Nils Ole Lien.

Grunngjeving frå nominasjon av prismottakaren:

"Nils-Ole Lien framstår som ein av dei mest sentrale kulturpersonane i Vinje kommune gjennom fleire tiår. Han har kombinert høg kunstnarleg dugleik med eit tydeleg samfunnsengasjement, og hans arbeid har hatt varig innverknad på kulturlivet lokalt. Lien har utmerkt seg både som utøvar, formidlar og organisator, og har med dette oppfylt dei kriteria Vinje kommune har sett for kulturprisen.

Lien har vore ein aktiv bidragsytar på ei rekkje kulturarenaer i kommunen, mellom anna viseklubbar, samfunnshus, pubar, omsorgssenter og ikkje minst ved gravferder. Gjennom desse aktivitetane har han skapt fellesskap og glede på tvers av generasjonar og sosiale lag. Musikken hans har fungert som ein inkluderande kraft i bygda og styrkt den lokale identiteten.

På nasjonalt nivå har Lien vore gitarist og vokalist i dansebandet E-76, som har spelt for publikum i alle aldrar over heile landet. Bandet har fleire plateutgjevingar og mottok Vinje sin kulturpris i 2002, noko som understrekar den kvaliteten og kontinuiteten Lien har stått for.
Lien har òg gjort ein særleg stor innsats for barn og unge. Han har undervist og underhaldt på skulane og i kulturskulen, og vore ein inspirator for nye talent. Prosjektet KNOT er eit godt døme på dette. Ein arena der fleire lokale musikarar har fått høve til å stå på scena saman med Nils -Ole og fått vist fram musikken sin til eit publikum.
Dei hadde truleg ikkje fått vist seg fram utan hjelp og drakraft frå Nils – Ole. Gjennom slike initiativ har Lien bidrege til rekruttering og vidareføring av musikktradisjonar i Vinje."

Vinje kommune gratulerer Nils Ole Lien med velfortent kulturpris!💐👏

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?