Frivilligstrategi i Vinje kommune på høyring
Vinje kommune legg framlegg til Temaplanen "Frivilligstrategi i Vinje kommune" ut på høyring.
Frivilligstrategien er ein temaplan som VInje kommune vil bruke til overordna retningsval i samarbeid med frivillige i kommunen. Strategien består av overordna visjon og mål, samt fire satsingsområde: arenaer, dialog, synleg, ressursar. Det er i kvart satsingsområde lagt inn framlegg til tiltak og korleis kommunen kan arbeide med tiltaka, i tillegg til korleis frivillige kan bidra i dette arbeidet.
Det er ikkje ein eigen handlingsplan i strategien då dette er tenkt som ein del av årleg prosess med dialogmøte og som ein del av kommunens økonomiplan og dei verksemdsplanane til dei ulike kommunale verksemdene.
Innspel innan 13.08.2026
Innspel til strategien kan du sende til postmottak@vinje.kommune.no
Spørsmål
Har du spørsmål til strategien kan du kontakte verksemdsleiar for Kultur og fritid
Kristian W. Rantala på mobil 94 98 38 23 eller på e-post: kristian.rantala@vinje.kommune.no
Dokument
Strategiutkastet kan du lesa her pdf, 4 MB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
