Klimarekneskap 2025
Det totale utsleppet til kommunens drift 2025 er 459 tonn CO2, ein nedgang på 3,1 % frå førre år og ein nedgang på 0,8 frå 2019.

Innleiing
Noreg har plikta seg til å redusere klimagassutslepp med 55 % innan 2030 og 70-75 % innan 2035, samanlikna med referanseåret 1990, og innan 2050 skal Noreg vere eit lågutsleppsamfunn. Desse nye klimamåla er meldt inn til FN under Parisavtala. Vidare har fylkestinget vedteke at regionen skal kutte 60 % i direkte klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med referanseåret 2009, og at regionen skal vere eit lågutsleppssamfunn innan 2050. For å nå desse måla, er det viktig at alle sektorar – nasjonalt, regionalt og lokalt – bidreg. Kommunen har ei sentral rolle i dette arbeidet; av dei nasjonale utsleppa er omtrent 20 % knytt til kommunal verksemd. Kommunen har ei viktig rolle som politisk aktør og lokal samfunnsutviklar, myndesutøvar, innkjøpar, og som drivar og eigar av eigne anlegg.
FNs berekraftsmål 17 har som mål å styrke gjennomføringsmidlane og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling, og FNs berekraftsmål 13 har som mål å stoppe klimaendringane.
I kommunedelplan for klima og berekraft Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. i Vinje kommune, vedteke 15.04.21, sak 21/26, er den overordna målsetninga å redusere CO2-utsleppet med 60 % innan 2030 i høve til referanseåret 2009 og syte for ein klimatilpassa og robust kommune. For å nå dette målet, er eit av tiltaka i handlingsplanen pkt. 7 at kommunen årleg skal føre klimarekneskap og klimabudsjett for eiga drift.
Vinje kommune har årleg ført klimarekneskap for eiga drift frå 2019, og frå 2020 har kommunen nytta malen på klimarekneskap frå fylkeskommunen. Malen til fylkeskommunen er basert på GHG-protokollen (Green House Gas Protocol). Scope er bytta ut med Klimafokus.
Klimarekneskapen syner per i dag det samla klimagassutsleppet i kommunen si drift, og dekkjer tenesteområda barnehagar, skular, institusjonar, helsehus, teknisk drift og infrastruktur, kommunehuset, og brann og beredskap. Alt av utslepp knytt til forbruk er rekna om til CO₂-ekvivalentar og vist som kg CO₂ i klimarekneskapen. I grafane er det nytta tonn CO₂. Summen av alle utsleppa er klimafotavtrykket til kommunen. For å nå målet med 60 % reduksjon må kommunen få ned utsleppet også for eiga drift.
Klimarekneskapen er delt på klimafokus 1, 2 og 3:
- Klimafokus 1 - omfattar alle direkte utslepp som er eigd eller kontrollert av kommunen, oppvarming og fossilt drivstoff frå kommunens eigne køyretøy.
- Klimafokus 2 - omfattar indirekte utslepp, som t.d. kjøp av elektrisitet og fjernvarme.
- Klimafokus 3 - hovudsakleg utslepp frå avfallshandtering, køyregodtgjering, tenestereiser.
Landbruk
Oppklaring i høve klimastatestikk på direkte utslepp knytt til landbruket og vegen til lågutsleppsamfunn i 2050.
Det er ikkje forventa at ein skal kutte like mykje i landbruket som for dei andre sektorane. Landbruket er den sektoren i 2050 som skal ha ¾ av alt klimagassutslepp i Norge i 2050 (landbruk skal ha 76 % og petroleumsindustri på 18 %), sjå figurane og grafane under. Dette vil sei at alle dei andre sektorane skal kutte kraftig, medan jordbruk skal halde fram nesten slik som i dag (nokon tiltak med blant anna matsvinn, produksjonssvinn, landbruksmaskiner, god agronomi, men det er ikkje forventa store kutt i dei biologiske prosessane knytt til husdyr og landbruksproduksjon). Landbruket skal bestå for sjølvforsyning, matsikkerheit og beredskap.
Denne er fylgd opp av ny Stortingsmelding om klima som er vedtatt i Stortinget



Klimarekneskap
Det totale utsleppet til kommunens drift i 2025 er 459 tonn CO2, ein nedgang på 3,1 % frå førre år og ein nedgang på 0,8 % frå 2019. Det har blitt betre datagrunnlag dei siste åra samanlikna med 2019, og klimarekneskapen får difor meir nøyaktige utsleppstal. Det er forventa ut utsleppet gjeng ytterlegare ned ved å setje i gang og fylgje opp klimatiltaka i plan for klima og berekraft og klimabudsjettet som fylgjer økonomibudsjettet.

Vinje kommune sitt klimafotavtrykk for eiga drift i 2025 er på 459 tonn
CO2, ein nedgang på 3,1 % frå 2024.
Klimarekneskapen for kommunens drift 2019-2025 vart vedteke av kommunestyret 16.06.26, sak 43/25. Vedtaket vart fylgjande:
Dokument:
Sist oppdatert
