UKM Landsfestival 2026
Tre ungdomar frå Vinje var så heldige å få vere med som representantar for Telemark på årets UKM-landsfestival i Trondheim.
Laurdag morgon bar det av garde, og framfor dei låg fire dagar fulle av møte med ungdom frå heile Noreg. Ung kultur, sosiale møteplassar, utstillingar, konsertar, workshopar, rulleskøytedisko, god mat og overnatting på liggjeunderlag i idrettshall var noko av det som venta dei.
Emma Bråstøyl frå Åmot var med som del av kameracrewet. Ho har stått på og jobba steinhardt! Når du er del av eit fleirkamerateam, må du vere med på både lydprøver og sjølve konsertane. Med to konsertar om dagen har ho hatt fulle dagar. Emma fortel at det beste med festivalen har vore å møte nye folk og bli kjend med dei.
Elisabeth Christensen frå Rauland var med som kunstnar. Ho fekk stille ut biletet sitt, Lengsel, på ei stor kunstutstilling saman med andre unge kunstnarar frå heile landet. Elisabeth fortel at det beste med landsfestivalen var dei sosiale aktivitetane som fann stad på kveldane. Det var til dømes rulleskøytedisko, silent disco og andre sosiale samlingar som berre dukka opp.
Liv Mondal Ljostad frå Åmot var òg med som kunstnar. Som Elisabeth fekk ho stille ut eit bilete, Venom, saman med mange andre kunstverk frå heile Noreg. Liv fortel at den beste enkeltståande opplevinga på landsfestivalen var silent disco den siste kvelden. Likevel var konsertane høgdepunkta gjennom dagane. Dyktige ungdomar synte fram mykje variert innhald, og det var god stemning i publikum. Ho vil òg trekkje fram det sosiale fellesskapet med alle slags ulike menneske som noko svært positivt – det er rom for alle.
I skrivande stund er dei tre ungdomane i luftrommet mellom Trondheim og Oslo, fulle av gode opplevingar og minne, på veg heim att til Vinje.
På lenka under kan du sjå konsertane frå årets UKM-landsfestival. Då er det ekstra moro å vite at Emma styrte eitt av kameraa og var med på å gi sjåarane ei heilskapleg oppleving.
Sjå innslag frå heile landet her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Ordforklaringar
Silent disco: er eit diskotek der kvar deltakar får eit headset med musikk. I staden for at musikken kjem frå store høgtalarar, høyrer alle den same musikken gjennom headsetet. Dette gjev ei svært god lydoppleving, og det kan vere ganske morosamt for dei som står utan headset, og ser på.
Rulleskøytedisko: er eit vanleg diskotek med musikk, men alle har på seg rulleskøyter og rullar rundt på dansegolvet.
Fleirkamera: betyr at fleire kamera er i bruk under eit arrangement. Ein vekslar mellom kamerabileta for å vise ulike vinklar og avstandar frå det som skjer, og slik gjev sjåarane ei meir heilskapleg oppleving.

Jentene på UKM i Trondheim
Frå venstre: Elisabeth Christensen, Emma Bråstøyl og Liv Mondal Ljostad

Venom: laga av Liv Mondal Ljostad

Lengsel: laga av Elisabeth Christenson

Bak kamera i Trondheim Spektrum: Emma Bråstøyl
Sist oppdatert
