Pårørandeskule
For pårørande til personar med demens
Kva er pårørandeskule?
Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom, og som bur i Vinje eller Tokke kommune. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege førelesingar, plenums- og gruppesamtaler får du kunnskap om demens og innsikt i kva følger sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Praktiske opplysningar
- Stad: Trevet (biblioteket i Åmot)
- Kurset er gratis
- Dato for samlingane: 26.08, 03.09, 10.09 og 17.09
- Tidspunkt for alle dei fire samlingane er kl 17-19.30. Det blir ei pause midtvegs med enkel servering.
Du må melde deg på innan 20.august
Påmelding til Marianne Eriksen, demenskoordinator i Vinje kommune:
- Telefon, måndag til fredag dagtid: 90 91 44 69
- eller e-post marianne.eriksen@vinje.kommune.no
Sist oppdatert
