Ny kultursti på Rauland

Ein gjeng frå kultur har no sett opp informasjonstavler langs kultursti Kyrkjemogen - ei fin rundløype med start ved Rauland kyrkje.

Stigen går langs med Totak bortover mot ridebanen. Dei fine trestativa er det Kvito som har laga.
Lyft opp lokket, og les om spennande historie frå området; her kan du mellom anna lese om jernvinne og kolgroper, om båttrafikken på Totak, om Førnesbrunen - og visste du at Rauland har sitt eige sjøuhyre?

Kulturstigen er også no ein del av Vinjetrimmen.

God tur🚶‍➡️😊

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?