Restplassar og nye fag i Vinje kulturskule 2026/2027

Frå august har Vinje kulturskule både restplassar og plassar på nyoppstarta fag.

Informasjon om tilboda

Visuell kunst:

Visuell kunst er faget for deg som er interessert i kunstfaglege prosessar. I faget vil du møte ulike teknikkar og reiskapar for å fremje kunsthistorie og eigenutvikling.

Målet er at elevane skal få skape noko med høg kvalitet og som hjelper dei til å finne sin strek og metode.

Faget krev evne til fokus og konsentrasjon og kunne vere i "eiga boble" over tid.

Ordinær undervisning gjennom heile året

Lærar: Anne-Lene Willemsen
Stad: Vinjar
Undervisning: kl. 17.30-19.30: Ungdomstrinnet (anbefalt) og eldre.

Kunst og handverk (nytt fag):

Kunst og handverk er faget for elevar frå 5.klasse og oppover. Det er for deg som er interessert i og likar å arbeide praktisk og skape noko med hendane. I faget vil du møte ulike teknikkar og reiskapar tett knytt opp mot norsk tradisjonshandverk.

Målet er at elevane skal kjenne glede i å arbeide praktisk, samstundes med at dei skal lære noko nytt, ha nok tid til å bli ferdig og bli nøgd med eige resultat.

Lærar: Anne-Lene Willemsen
Stad: Vinjar
Undervisning: 1 time, annankvar laurdag.

Folkemusikk og tradisjon (nytt fag):

Vinje er ein stolt kulturberar av norsk folkemusikk og tradisjon. I år prøvar me noko nytt, for å skape ein arena for faga våre som er knytt til denne tradisjonen. Måndagar blir den store folkemusikk-dagen. Her vil individuell og gruppeundervisning gli gjennom ettermiddagen, med felles tid for matpause (nyste) kl. 16.

Faget vil ha ulik tilnærming til folketradisjon med ulike tema/emne gjennom året.

Dette vil du få om du melder det på dette faget:

  • Gruppeundervisning
  • Lokale segn og eventyr.
  • Lokale stev og songar.
  • Folkedans
  • Lokale gjesteopptrednar, forteljarar og undervisarar
  • Føresette er velkomen til å vere med!
  • Frå kl. 17.30 er alle velkomen til å delta på leikarring i same lokale, i regi av Falkeriset spel og dans.

Lærarar: Lars Erik Øygarden og Amanda Romby
Stad: Festsalen på Rauland
Tid: Måndagar, kl. 17-17.30
Alder: 1.klasse og oppover.

Dataspel:

På dataspel vil samhald og gode haldningar vere viktig. Her vil alle i gruppa saman, lære om å utvikle seg i gaming- og datakultur. Kvar gruppetime vil starte med eit kort opplegg om noko innanfor datakultur. Dette kan vere innanfor tema som spelsjangarar, spelhistorie, esport, pc-bygging, moglegheiter i arbeidslivet og mykje meir! Etterfulgt av speling, koding, brettspel eller vidare prat og utforsking.

Her vil ein få moglegheita til å utøve interessa si utanfor barnerommet, på ein arena saman med andre med same interesse med vaksen tilstades for rettleiing og engasjement.

Lærar: Johannes Farstad Eriksen
Undervisningsstad: Dataspelromet på Vinjehuset
Undervisningsdag: Torsdag

  • Gruppe 1: Alder 12-14 år Kl. 17-19
  • Gruppe 2: Alder 15 år og oppover, Kl. 19-21.

Me kjem til å overhalde anbefalt PEGI aldersgrense på spel.

Dans for elevar frå 6.klasse og oppover:

Dette er felles dansetilbod for heile kommunen, for elevar frå 6.klasse og oppover.

Lærar: Vaida Lamsodiene.
Stad: Festsalen i Edland
Tid: Tysdagar

Når du søkjer plass på kommunen sine nettsider, må du gå inn på «Dans Edland» og skrive i kommentarfeltet at du ynskjer eleven inn på gruppe 2, som er for dei eldste elevane.

Slik søkjer du om plass:

Her legg du faga du søkjer i handlekurv. Ynskjer du presisere noko kan du skrive det i kommentarfeltet.

Beskjed om plass vil du få i veke 34.

Velkomen som søkjar!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?