Høg skogbrannfare
I løpet av det siste døgnet har det vore registrert fem brannar i skog og utmark i dekningsområdet til Sør-Øst 110. Dette minner oss om kor stor skogbrannfaren er for tida, når sola står høgt på himmelen.
Ser me på langtidsvarselet, er det lite som tyder på at skogbrannfaren vil avta dei komande dagane.
"Skogbrannfaren i vårt område er no på raudt nivå. Me meiner det er uforsvarleg å bruke open eld i skog og utmark no, og vil minne om bålforbodet som gjeld fram til 15. september. I desse dagar skal det ikkje meir til enn ein liten gnist før det kan oppstå brann i skog og utmark", seier Torbjørn Lia, brannsjef i Vest-Telemark brann og redning IKS.
Med open eld meiner me alt som inneber open flamme, til dømes bål, bålpanne, grill, eingongsgrill og turkjøken.
"Me oppmodar òg til stor varsemd ved bruk av eld og opne flammar på tilrettelagde bålplassar, i parkar, på annan innmark og i eigen hage. Dersom hagen din ligg i eller nær skog eller annan utmark, er det ikkje tillate å bruke open eld eller grill", seier Lia.
Skal du bruke grill, tilrår me å ha vatn eller anna sløkkjeutstyr tilgjengeleg. Hugs òg at den som tenner opp grillen, er ansvarleg dersom det skulle oppstå brann.
Me vil òg oppmode skyttarlag til å vurdere brannrisikoen på skytebanene og ha sløkkjeutstyr tilgjengeleg. No er det gjerne tid for skyteprøver. Det er den einskilde sitt ansvar å vurdere brannrisikoen og eventuelle avgrensingar eller stans i aktiviteten dersom det er høg risiko for antenning frå rikosjettar.
"Som ein del av det førebyggjande arbeidet er skogbrannflyet no på vengjene kvar ettermiddag. Dersom det oppstår brann, eller du oppdagar røykutvikling eller flammar når du er ute, må du ringje 110", seier brannsjefen.
Med helsing
Vest Telemark brann og redning IKS
Sist oppdatert
