Opningstider i sommar
Tenestetorget
Vanlege opningstider, ope frå kl 8.00 - 15.00.
Telefonen er open frå kl 9.00 - 14.00.
Bibliotek og utstyrsbank
I år har hovudbiblioteket ordinær opningstid fram til fredag 24. juli. Deretter har me sommarstengt fram til tysdag 18. august.
Bibliotekfilialane på Edland og Rauland fylgjer skuleruta. Dei har siste opningsdag 22. og 23. juni.
Samfunnshus og styrkerom
Stengt frå 1. juli - 16. august.
Symjehallane
Stengt frå 1. juni - 31. august.
Vinje legekontor
Frå veke 25 er utekontora på Edland og Rauland stengt for sommaren. Normal drift att etter ferien, frå og med veke 33.
Grunna ferieavvikling vil det kunne vera lengre ventetid, både på timar og på telefonen. Me vil prioritere øyeblikkeleg hjelp.
Vinje tannklinikk
Open i heile sommar, men med litt redusert drift i veke 29-31.
Sjå kontaktinfo for akutt hjelp her Åpnes i nytt vindu.
Me vil ynskje alle ein god sommar 🌸
Sist oppdatert
