Vandring for forandring

Invitasjon til vandring for menn som har mist nokon i sjølvmord 5. til 6. september.

Menn som har mist nokon dei stod nær i sjølvmord, blir inviterte til å delta på ei vandring langs den gamle pilegrimsvegen mellom Haukeli og Røldal 5. til 6. september 2026.

Gjennom historia har menneske lagt ut på vandring med sorgene og bekymringane sine. Å miste ein nærståande i sjølvmord er eit stort tap som ofte fører med seg mange kjensler og spørsmål utan svar. For mange etterlatne kan møtet med andre i same situasjon vere til stor hjelp. I fellesskapet finn ein rom for forståing, anerkjenning og støtte.

Vandringa legg til rette for både samtale og stillheit i naturskjønne omgjevnader. Erfaring viser at det å vere i rørsle ute i naturen kan opne for refleksjon og nye perspektiv. Samtalar kjem ofte lettare, stillheita kjennest annleis, og tankane får høve til å finne nye vegar.

Arrangementet er ope for alle menn som er etterlatne etter sjølvmord, uavhengig av livssyn eller trusretning.

Arrangørar er Prostidiakonen i Vest Telemark, Agder og Telemark bispedøme, LEVE-Vestfold og RVTS Sør.

Les meir om arrangementet og meld deg på her Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?