Kommunekompasset - kva skjer no?
Kommunekompasset er eit evaluerings- og utviklingsverktøy som blir brukt av norske kommunar for å vurdere kor godt kommunen fungerer som organisasjon.
Kommunen blir vurdert opp mot det som blir rekna som god kommunal forvaltningspraksis, og får ein rapport med styrkar, svakheiter og forslag til forbetring.
Det er Håvard Moe frå NIVI Analayse som har gjennomført evalueringa av Vinje kommune. Den samla rapporten er no klar, og blei presentert i Administrasjonsutvalet 18. august.
Sjå opptak frå presentasjonen her Lenke til et annet nettsted.
Fylg med vidare!
På heimesida vår kan du lese meir om Kommunekompasset, og her vil me også leggje ut rapportar, presentasjonar og saker som skal bli behandla politisk.
Me vil varsle deg i Friskus-appen når me har noko nytt å melde 📢

Sist oppdatert
