Vår djupaste medkjensle ved Hans Majestet Kong Harald Vs død
Kong Harald V - 1937 - 2026
Det er med stor sorg Vinje kommune fekk melding om Kongens død. Kong Harald 5 var ein folkekonge, ein som samla nasjonen. Kongen var brubyggar då andre var polarisert. Kongen såg alle og var raus mot alle utan omsyn til kven dei var. Det gav tryggleik og kjensla av å høyre til for mange som trong nettopp det. Med det tok Kongen det norske monarkiet inn i vår tid.
Eit bygdesamfunn som Vinje kommune treng eit nasjonalt symbol som Kong Harald har vore for oss. Det at me i fjellbygda har hatt Kongen å samle oss rundt, har gjeve oss kjensla av å vere ein del av Noreg. I Vinjekortstokken heiter hjarterkongen Harald. Takk for alt Kongen var og gav. All medkjensle i sorga til Kongehuset og alle som var glad i kongen vår.
Ordførar Jon Rikard Kleven
Kondolanseprotokoll på kommunehuset
For å gje innbyggjarane i kommunen høve til å uttrykkje sorga si og heidre minnet til Kongen, har me lagt ut ein offisiell kondolanseprotokoll på Tenestetorget på kommunehuset. Opningstida er måndag til fredag mellom kl 08.00-15.00.
Sist oppdatert
