Bli med i pårørandepanel for menneske med demens

Nasjonalforeininga for folkehelsa har etablert eit pårørandepanel der pårørande til menneske med demens kan dele erfaringar, meiningar og behov gjennom korte spørjeundersøkingar.

Som deltakar i panelet får du tilsendt enkle undersøkingar på e-post nokre gonger i året. Det tek berre nokre få minutt å svare, men svara gir viktig kunnskap som kan vere med på å påverke tenester, tilbod og rettar for menneske med demens og deira pårørande. Panelet er òg relevant for dei som er etterlatne.

Les meir om panelet og bli med her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?