Digital heimeoppfylging i Vinje – eit tilbod i vekst
Vinje kommune satsar vidare på digital heimeoppfylging (DHO). Målet er å gje innbyggjarane meir tryggleik, betre oversikt over eiga helse og større moglegheit til å meistre kvardagen ved hjelp av digitale løysingar.
Kva er digital heimeoppfylging?
Med digital heimeoppfylging kan du som pasient registrere helseinformasjon heimafrå. Helseinformasjon som til dømes blodtrykk, blodsukker eller vekt kan gå via Bluetooth inn til i eit digitalt system. Det kan også vere at du skal svare på enkle spørsmål om helsetilstanden din. Opplysningane blir fylgde opp av helsepersonell over tid.
Kven kan få tilbod om dette i Vinje i dag?
Dette tilbodet kan vere aktuelt for personar med mellom anna KOLS eller diabetes. DHO er ikkje ei akutteneste. Dersom du treng akutt hjelp eller opplever forverring av helsetilstanden din, må du kontakte lege, legevakt eller naudetat som vanleg. Mange opplever at digital heimeoppfylging gjev betre oversikt over eiga helse, større tryggleik og auka meistring i kvardagen.
Ein del av framtidas helse- og omsorgstenester
På sikt kan løysinga også gjelde andre pasientgrupper med til dømes hjartesvikt eller kreft. I tillegg kan DHO også innebere videosamtalar med helsepersonell. Slike samtalar kan brukast til rettleiing, støtte, oppfylging eller konsultasjonar, utan at du nødvendigvis må registrere helsemålingar. Digital heimeoppfylging er ein sentral del av Vinje kommune sin visjon: «Me skal møte framtidas velferdsbehov gjennom nye arbeidsformer som fremjar ansvar og deltaking hjå innbyggjarane».
Sist oppdatert
