Treng du hjelp med pc, mobil eller nettbrett?

Har du spørsmål knytt til bruken av pc, mobil eller nettbrett? Synest du det er vanskeleg å vite kva som er sann informasjon på internett?

Då kan du få hjelp på biblioteket 😊

Kvar torsdag frå kl. 12.00-19.00 har me tilbod om Digihjelp på biblioteket i Åmot. Her kan du få rettleiing i e-post, appar, kjeldebevisstheit eller anna du måtte lure på.

Me har også tilbod om Digihjelp på biblioteket på Edland på tysdagar frå kl. 15.00 - 19.00, og på biblioteket på Rauland på onsdagar frå kl. 15.00 - 19.00.

Ta kontakt for å avtale tid, og hugs å ta med maskina du treng hjelp med!

Ring oss på telefon 35 07 26 60 for å gjera avtale.

Les meir om biblioteket her Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?