Kommuneplanleggjarar samarbeider for betre bustadløysingar i Vest-Telemark

Tilsette frå Vinje kommune deltok nyleg på den første samlinga i den nye kompetansesirkelen for kommuneplanleggjarane i Vest-Telemark. Målet med samarbeidet er å finne gode løysingar for å skaffe fleire eigna bustader i regionen og styrkje planarbeidet på tvers av kommunegrensene.

På samlinga delte kommunane erfaringar og utfordringar knytte til bustadutvikling og arealplanlegging. Tema som spreidd bustadbygging, planprosessar, ressursbruk og samarbeid mellom kommunane stod sentralt. Deltakarane diskuterte også korleis ein kan leggje til rette for attraktive bustader for ulike målgrupper og få fleire eksisterande bustader i bruk.

Gjennom kompetansesirkelen samarbeider kommunane i Vest-Telemark med mellom anna Statsforvaltaren, Telemark fylkeskommune, Husbanken og Distriktssenteret. Målet er å byggje kunnskap, dele erfaringar og utvikle praktiske løysingar som kan bidra til fleire eigna bustader og levande lokalsamfunn i heile regionen.

For Vinje kommune er arbeidet med bustadutvikling eit viktig satsingsområde, og me ser stor verdi i å samarbeide med nabokommunane for å møte felles utfordringar og finne gode løysingar for framtida.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?