Tilbod frå Allstad om nye omsorgsbustader på Rauland
Den lenge varsla demografiske utviklinga med fleire eldre over 80 år er i gang. Dette gjer at kommunen må få på plass fleire bustader med heildøgns omsorg.
- I Haukeli er kapasiteten utvida med fleire omsorgsbustader på Norheimstunet.
- For Åmot sitt vedkommande er dagens helsesenter og gamle Bratlandstomta under planlegging.
- På Rauland vil ei lokalisering på området rundt omsorgssenteret vere det mest naturlege valet.
Folketalsframskrivingane peikar på at det i Åmot bør kome mellom 26-39 nye bueiningar, medan på Rauland bør 21-32 nye bueiningar sjå dagens ljos.
I samarbeid med pensjonsselskapet KLP tilbyr prestegardsforvaltaren Allstad norske kommunar å bygge og leige ut omsorgsbustader. Vinje kommunestyre takka i novembermøtet i fjor ja til å motta eit tilbod om omsorgsbustader.
Tilbod om omsorgsbustadprosjekt på Rauland
Vinje kommune har no motteke eit tilbod frå Allstad Eiendomsutvikling AS om å utvikle, byggje og leige ut eit nytt omsorgsbustadprosjekt i Vinje.
Tilbodet omfattar 24 omsorgsbustader, base for heimetenesta, dagsenter og fellesareal på nabotomta til Rauland omsorgssenter. Tilbodet legg opp til at utbyggjar står for utvikling og oppføring av bygget, medan kommunen leiger dei ferdige lokala over tid.
Prosjektet er planlagt gjennomført av prosjektselskapet Vinje Omsorg AS, medan kommunen eventuelt skal inngå ei langsiktig leigeavtale dersom dei politiske organa vedtek å gå vidare med prosjektet.
Saka skal handsamast av Formannskapet 1. oktober 2026. Deretter vil kommunestyret ta endeleg stilling til tilbodet i møte 13. oktober. Dersom kommunestyret takkar ja, vil bustadane vere innflyttingsklare i fjerde kvartal 2028.
Her kan du lese dokumenta som tilbodet består av:
- Tilbodsbrev frå Allstad pdf, 316 kB, åpnes i nytt vindu.
- Eigedomskart pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
- Landskapsplan pdf, 4 MB, åpnes i nytt vindu.
- Fasader pdf, 4 MB, åpnes i nytt vindu.
- Kart over nye omsorgsbustader pdf, 371 kB, åpnes i nytt vindu.
- Kart over dagsenter og heimetenesta pdf, 173 kB, åpnes i nytt vindu.
- Framdriftsplan pdf, 63 kB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
