Avduking av ny verdsarvutstilling på Rauland

Velkomen til den offisielle opninga av vår nye utandørs verdsarvutstilling på Rauland!

Her kan du bli betre kjend med Rjukan–Notodden industriarv og Vinje si rolle i verdsarven, med særleg vekt på Møsvatn og Møsstrond.

  • Dato: 3. oktober
  • Tid: kl. 12.30
  • Stad: Rauland, framom skulen

Det blir ei høgtideleg avduking der du både får høve til å sjå utstillinga, og høyre nokre velvalde ord frå ordførar Jon Rikard Kleven og fylkesordførar og leiar i verdensarvrådet Terje Riis Johansen.

Velkomen til å vera med når me opnar ei ny formidling av verdsarven – midt i landskapet der historia framleis er levande.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?