TV-aksjonen 2026: Saman for menneske på flukt

Kvart andre sekund må eit menneske flykte på grunn av krig og konflikt. Årets TV-aksjon er 18. oktober og går til NRC Flyktninghjelpa, som skal gi menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.

Nærmare 120 millionar menneske er på flukt frå krig og konflikt. Aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein heim. Men det finst håp, og det finst løysingar. TV-aksjonen 2026 skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.

Pengane skal gå til telt og andre naudbustader, mellombelse og permanente heimar, vass- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp for å sikre bustad- og eigedomsrettar.

Bli bøsseberar!

Som bøsseberar går du frå dør til dør i to timar søndag 18. oktober og samlar inn pengar til TV-aksjonen.

Meld deg som bøsseberar her Lenke til et annet nettsted.

Bilde frå TV aksjonen 2026

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?