Fin dag med Pårørandekonferanse på Vinjehuset

For fjerde år på rad inviterte Vinje kommune pårørande, tilsette, politikarar og andre til fagdag med framsyning av Pårørandekonferansen på storskjerm på Vinjehuset.

Det er Pårørendesenteret som arrangerer denne heildigitale konferansen, og temaet i år var Når ansvar møter motstand, der me mellom anna fekk høyre om det å vera pårørande i arbeidslivet og i familien.

Dagen vart opna av ordførar Jon Rikard Kleven, og før konferanseoverføringa starta hadde tilsette i Vinje kommune korte presentasjonar av pårørandearbeidet i Helse og meistring, og pårøranderolla knytt til digital heimeoppfylging.

Sanitetslaga i Vinje deltok med gode representantar, og ved sida av å servere gode kaker i pausene, fekk me også informasjon om kva sanitetslaga er og bidreg med i lokalsamfunnet, mellom anna i høve til omsorgsberedskap.

I år deltok i overkant av 40 personar, og ved sida av pårørande, frivillige og politikarar, så var tilsette frå kommunalområda Helse og meistring og Oppvekst, samt hovudtillitsvald og hovudverneombod deltakarar. Felles lunsj og kaffepauser bidrog til god prat, fellesskap og hygge.

Også i år var oppsummeringa at konferansen er variert, lærerik, underhaldande og inspirerande. Neste år blir konferansen arrangert på den Nasjonale Pårørandedagen 22. september. Så set av dagen, og ver velkomen til ein dag med fellesskapsbygging mellom pårørande, politikarar, tilsette og frivillige.

Les meir om pårørandesenteret her Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?