Resultat frå spørjeundersøking om framtidsretta bu- og omsorgsløysingar

Vinje kommune gjennomførte i tidsrommet 24.08 -13.09 ei digital spørjeundersøking knytt til planlegging og utvikling av framtidsretta bu- og omsorgsløysingar i Vinje.

Målet for undersøkinga var å få svar på viktige spørsmål kring hovudelementa:

  • Korleis bur du i dag?
  • Kva tenkjer du omkring framtidig bustad?
  • Kva er viktig for deg i høve til bustad og nærmiljø når du blir eldre?

168 personar svarte på undersøkinga, og her kan du sjå resultata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Oppsummering

Fleire svarar at dei ynskjer å bu i eigen bustad så lenge som mogleg, men at det på sikt kan vere aktuelt med ei mindre og meir lettstelt bustadløysing. Nærleik til sentrum og butikkar, tenester, gode uteområde og høve til sosial kontakt blir framheva som viktige faktorar.

Vegen vidare

Vinje kommune arbeider for tida med å utvikle gode og framtidsretta bustadløysingar for innbyggjarane våre. Det overordna målet er å kunne utvikle buformer som bidreg til tryggleik, livskvalitet og meistring gjennom ulike livsfasar, også når behovet for helse- og omsorgstenester aukar. For å lukkast må kommunen planleggje bustader, tenester, teknologi og nærmiljø i samanheng. Dei vala som blir gjort i dag vil vere avgjerande for korleis Vinje kan levere gode tenester i framtida.

I dette arbeidet er innspel og medverknad frå innbyggjarane viktig. Saman med innspel som kom fram i innbyggjarmøta som vart gjennomførde på Rauland og Åmot i september, så vil resultata frå undersøkinga vere eit viktig grunnlag i vidare planlegging av bustadutvikling i Vinje.

Kommunen vil no arbeide vidare med å vurdere innspela, og sjå desse i samanheng med pågåande prosjekt innom framtidsretta bu- og omsorgsløysinga i Vinje.

Vinje kommune takkar alle som tok seg tid til å svare på spørjeundersøkinga!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?