Takk for alle bidrag😊

Tusen takk til alle som har bidrege til årets TV-aksjon! 

Vinje kommune samla til saman inn 433 188 kroner – eit fantastisk beløp som vil gjera ein forskjell for mange!

Skulane våre gjorde ein imponerande innsats, og samla inn heile
179 724 kroner!
Her må me også få takke næringslivet, som støttar opp med premiar.

I tillegg kom det inn 67 095 kroner gjennom bøsseinnsamlinga.

Ein stor takk til elevar, lærarar, bøsseberarar, frivillige, lag og organisasjonar, næringsliv og alle som gav eit bidrag – stort eller lite.

👉 Du kan sjå oversikt over bidraga frå Vinje kommune her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?