Alt som skjer i Vinje – samla på éin plass
Med den nye aktivitetskalenderen vår blir det lettare å få oversikt over alt som skjer i Vinje!
Friskus aktivitetskalender er ein ny digital møteplass for aktivitetar, arrangement og frivillig engasjement i Vinje. Kalenderen tek over for "Kva skjer", som har vore i regi av Vest-Telemarkrådet.
I den nye kalenderen kan innbyggjarar enkelt få oversikt over kva som skjer av både faste aktivitetar, arrangement og frivillige oppdrag. Lag og organisasjonar kan vise fram kva dei driv med i ei eigen arrangørside, og dei kan publisere og redigere arrangement på ein enkel og oversiktleg måte.
Aktivitetskalenderen er ei utviding av innbyggarappen vår, og du kan no finne ein direkte snarveg i innbyggarappen, under fana "Aktivitetar" i botnmenyen.
👉Du kan også klikke deg vidare til kalenderen her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Vil du vite meir, eller treng du hjelp med å koma i gang?
Då kan du lese meir her
Sist oppdatert
