Fagdagar med særleg fokus på korleis me kan møte barn med ADHD
Denne veka hadde Vinje kommune besøk frå Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) Notodden.
Besøket kom etter initiativ frå ressursteamet ved Anne Sem Lofthus, fagrådgjevar, og Mona Haugen, avdelingsleiar i koordinerande eining.
Det vart halde foreldrekurs på Åmot skule for foreldre og føresette til barn med ADHD i Vinje kommune.
I tillegg var representantane frå BUP på Åmot skule for observasjon og rettleiing av lærarar, før dagen vart avslutta med ein fagdag for om lag 115 tilsette frå oppvekst- og helsetenestene.
Fagdagane hadde særleg fokus på korleis me kan møte barn med ADHD med meir kunnskap, forståing og gode tiltak på skulen og i kvardagen. Gjennom samarbeid mellom kommunen og spesialisthelsetenesta fekk både foreldre og tilsette ny innsikt og fagleg påfyll som kan kome barn og familiar til gode.
Ressursteam for barn, unge og familiar i Vinje kommune:
Teamet er ei støtte for tenestene i kommunenen som arbeidar med saker innanfor dette feltet, og bidrar til betre kartlegging, samordning og oppfylging i saker der fleire tenester er involverte.
- Ressursteamet er tverrfagleg samansett av fagrådgjevar i verksemd for personar med særlege behov, leiar for koordinering og tildeling, helsesjukepleiar og leiar for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Ved behov blir også andre aktuelle fagpersonar som lege, barnehage/skule, barnevern, NAV og andre tenester involvert.
- Fagrådgjevar Anne Sem Lofthus og avdelingsleiar ved koordinering og tildeling Mona Haugen har eit hovudansvar for drifta.
- Dei skal bidra til betre samordning, tidleg innsats og heilskaplege tenester, særleg i saker der barn, unge og familiar har samansette behov eller har fleire tenester, krev koordinering eller der det er ynskjer om ei tverrfagleg vurdering.
Sist oppdatert
