Mentorordninga i Vinje helse og meistring : To år med gode erfaringar

Det å vere ny i jobb kan vere både spennande og krevjande. Nye kollegaer, nye rutinar og mykje nytt å lære på kort tid. Nettopp derfor har Vinje helse og meistring dei siste to åra satsa på mentorordning som ein del av arbeidet med å ta godt imot nye medarbeidarar.

Nyleg samla me mentorar, deltakarar og leiarar til ei hyggeleg markering av dei to fyrste åra med mentorordninga. Samlinga gav rom for å feire innsatsen som er lagd ned, dele erfaringar og reflektere over kva ordninga har betydd for både nytilsette, mentorar og arbeidsmiljøa våre.

Gjennom mentorordninga får nytilsette ein erfaren kollega ved sida av seg heile det fyrste året. Ein mentor kan vere både fagleg støttespelar, samtalepartnar og vegvisar inn i arbeidskvardagen. Erfaringane våre viser at det skapar tryggleik, meistring og tilhøyrsle, samstundes som det legg til rette for fagleg utvikling og gode relasjonar på arbeidsplassen.

I Vinje er det til no Svingen bufellesskap og Heimetenesta i Øvre som har teke mentorordninga i bruk. Gjennom desse to åra har me sett kor mykje det betyr å ha nokon å støtte seg til når ein er ny. Både mentorar og deltakarar fortel om verdifulle samtalar, fagleg læring og auka tryggleik i rolla si.

Bak mentorordninga ligg eit stort engasjement frå medarbeidarar som ynskjer å dele erfaringar og kunnskap og arbeidsglede med nye kollegaer. Ordninga handlar ikkje berre om opplæring, men også om å byggje fagmiljø der folk kjenner seg velkomne, verdsette og inkluderte frå fyrste arbeidsdag.

Det er difor gledeleg at Vinje sjukeheim no er i gang med ein prosess for å ta mentorordninga i bruk. Målet er at endå fleire nytilsette skal få den støtta og oppfølginga som ordninga gir, og slik bidra til gode arbeidsplassar og gode tenester for innbyggjarane våre.

To år etter oppstarten ser me tilbake på mange gode erfaringar, samstundes som me ser framover. Mentorordninga har blitt ein viktig del av arbeidet med å ta vare på medarbeidarane våre, og me gler oss til å sjå ordninga utvikle seg vidare i åra som kjem.

Me er stolte av det arbeidet som er gjort så langt, og takksame for alle som har bidrege. Saman skaper me gode arbeidsplassar og gode tenester for innbyggjarane våre😊👏

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?