Tilbod om vaksinasjon i haust
Vinje kommune har tilbod om vaksinasjon mot sesonginfluensa, Covid-19 og Pneumokokksjukdom for innbyggjarar i målgruppene.
Covid-vaksina er som i fjor, bare for personar i målgruppene, andre som ynskjer den må skaffe den privat, for eksempel på apotek.
Vaksinasjon mot pneumokokksjukdom
I år er det personar fødd i 1961 som er omfatta. Framover vil tilbodet gjelde alle, det året dei fyller 65. Dei som er fødd i 1960 og ikkje tok pneumokokkvaksina i fjor, kan få den i år.
Me oppmodar alle i målgruppene om å koma på Vinjehuset på fellesvaksinasjon. Tilbodet på utelegekontora er meint for personar som har vanskeleg for å koma seg til Vinjehuset.
Les meir om kven som er i målgruppene for dei ulike vaksinene i dei blå boksane under.
Tid og stad for vaksinering i Vinje
Vinjehuset:
- 5. november frå 09.00-15.00
- 6. november frå 12.00-18.00
Det blir ein dag til på Vinjehuset, meir informasjon kjem når dato er klar.
Rauland legekontor:
- 13. november, kl. 09.00 – 15.00
Edland legekontor: (Edland legekontor er stengt for vanlege timar, men vaksinering gjeng som normalt)
- 12. november, kl. 09.00 – 15.00
Vaksiner og målgrupper
Sesonginfluensa
- Alle som har fylt 65 år
- Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før svangerskapsveke 32, frå dei er 6 mnd. gamle og til dei er 5 år.
- Vaksne og barn med:
- Kronisk lungesjukdom (også astma)
- Kronisk hjerte/karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk), særleg personar med alvorleg hjertesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
- Diabetes type 1 og 2
- Kronisk lever eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, særleg ved nedsatt lungekapasitet eller hostekraft
- Nedsatt immunforsvar
- Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa kan utgjere ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
- Helsepersonell (får tilbod på arbeidsplassen)
- Personar som bur saman med immunsupprimerte
- Svinerøktarar eller andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
- Personar som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl
Covid-19 vaksine
Tilbod til innbyggarar over 75 år, samt alle aldersgrupper med underliggande sjukdom som gjev større risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom, og for husstandsmedlemmer til personar med nedsatt innunforsvar:
- Bebuarar i omsorgsbustad eller sjukeheim
- Kronisk hjerte/karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk), til dømes hjartesvikt eller hjerneslag
- Diabetes, særleg dårleg kontrollert sjukdom eller seinkomplikasjonar
- Kronisk alvorleg lever- eller nyresjukdom
- Kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, særleg personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet eller hostekraft
- Nedsatt immunforsvar
- Fedme med KMI over 35
- Annan alvorleg eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege
- Personar frå 65-74 år er ikkje lenger anbefalt å ta vaksina, men kan likevel få tilbod om å ta vaksina om dei ynskjer det
- Personar som fell utanfor målgruppene over, vil ikkje få tilbod om å ta Covid-19 vaksina i år.
Pneumokokksjukdom
Vaksinen beskyttar mot pneumokokkbakterien, som kan forårsake lungebetennelse, blodforgiftning og hjernehinnebetennelse.
Merk at det berre er personar som er fødd i 1961 som får vaksina til redusert pris gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne i år.
Andre må ta kontakt med fastlegen for å vurdere om dei er i målgruppa, og få resept på vaksine slik som før.
Les meir om Pneumokokksjukdom her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Prisar
Me nyttar dei rettleiande prisane frå Folkehelseinstituttet:
| Type vaksinasjon | Pris |
| Sesonginfluensa | kr. 310 |
| Covid-19 | kr. 110 |
| Covid-19 samvaksinasjon | kr. 85 |
| Pneumokokksykdom | kr. 110 |
| Pneumokokksykdom samvaksinasjon | kr. 85 |
Samvaksinasjon tyder at du tar vaksina saman med ei anna vaksine samstundes
Kontaktinfo
Om du har spørsmål kan du ta kontakt med vaksinekoordinator, Halvor Hylland Olsnes, på telefon 41 41 24 68
Sist oppdatert
