Tankevirus-kurs
Har du nokon gong tenkt at
«Dei snakkar sikkert om meg …» når to kollegaer står og pratar med låg stemme.
«No har eg sikkert gjort noko gale …» når sjefen seier at han vil ta ein prat med deg.
«Ho er sikkert irritert på meg …» når ein ven ikkje svarar på meldinga di.
Kjenner du deg att?
Tankane våre er ikkje alltid til å stole på. Likevel kan me fort ta dei for sanningar, og dei kan påverke både korleis me har det og kva me gjer.
På Tankevirus-kurset lærer du å kjenne att vanlege tankefeller og får enkle verktøy for å handtere tankar som skaper unødvendig bekymring, stress og uvisse.
📍 Tokke kulturhus
📅 10. og 17. november
🕔 Kl. 17.00–19.00
Kurset er gratis og går over to samlingar.
➡️ Du melder deg på her via sida til Rask psykisk helsehjelp Vest-Telemark Lenke til et annet nettsted.
📞 Ynskjer du meir informasjon, kan du ringe oss på telefon 90 67 01 30.
Du er varmt velkomen!🧡
frå avdelinga for Rask psykisk helsehjelp Vest-Telemark
Sist oppdatert
