Vinje kommune delar informasjon om risiko knytt til arbeidslivskriminalitet innad og med Skatt Sør og Arbeidstilsynet.

Skatteoppkrevjaren har motteke fleire tips om svart arbeid, og det er noko me tek på alvor. Alle saker me får tips om melder me til A-krimsenteret, som tar saka vidare. I Vinje kommune har det vore fleire kontrollar dei siste åra av A-krimsenteret i Tønsberg.

Arbeidslivskriminalitet er eit raskt aukande og alvorleg samfunnsproblem som må forhindrast slik at ikkje samfunnsstrukturane over tid skal bryte saman. Skatteoppkrevjaren ynsker direkte tips til gryak@vinje.kommune.no eller mobil 928 50 037,  dersom de har mistanke om svart arbeid eller kritikkverdige høve. 

Sjekkliste når du skal kjøpe tenester https://www.handlehvitt.no/

Eit karakteristisk trekk ved arbeidslivskriminalitet er innslaget av multikriminalitet. Teikn på arbeidskriminalitet har eit eller fleire element, som mellom anna:

  • Skatte- og avgiftskriminalitet
  • Grove rekneskaps- og bokføringsfeil  – mangelfulle rekneskap og bruk av fiktiv/ikkje korrekt dokumentasjon
  • Korrupsjon
  • Konkurskriminalitet
  • Kvitvasking
  • Menneskehandel
  • Trygdesvindel – mottak av trygd samtidig som ein arbeidar svart
  • Grove brot på arbeidsmiljølova og allmenngjeringslova
  • Utbytting av arbeidskraft i strid med lov og avtale
  • Bruk av ulovleg arbeidskraft

Medbyggerne er eit samarbeid mellom offentleg sektor, partane i arbeidslivet og bygge- og anleggsbransjen. Målet er å få fleire til å bli medbyggarar og handle kvitt, for å sikre ein stabil og trygg arbeidsmarknad. For meir info og tips sjå: https://medbyggerne.no/. Det same gjeld prosjektet: tettpå:Vinje