VEL BLÅST FOR SENIORDAGAR – 3 dagar til ende!

Førre veke var det vidopne dynnar på Vinje sjukeheim, Norheimstunet og Rauland omsorgssenter - og tur til Øyfjell i regi av Frisklivssentralen. Seniordagane vart avslutta med seminar på Raulandsakademiet, med interessante føredrag, kulturelle innslag, rørsle- og matglede, og tid til gode røur i flott juni-ver.
Akademiet var fullt til siste stol då «Fjellrøyst» innleidde kveldsarrangementet med vakker song før Trond Viggo Torgersen samtala med Mari Garås Monsson om det gode liv som senior i føredraget «Før kroppen blir til støv».
Seniordagane er eit resultat av prosjektet Liv og røre for eldre i Vinje, og ambisjonen er å gjere seniorseminar til ei årleg hending.
Fylgjande sitat frå evaluering av seminaret vitnar om god mottaking frå målgruppa 65+:
- Mange ting å tenkje på vidare - både brannvern, bank og ikkje minst å vera aktiv og viljug til å prøve noko nytt.
- Trygt å vita at det blir fokusera på eldreomsorg.
- TAKK, TAKK FOR EIN DAG!
Sist oppdatert