Kva meiner du om gangvenlege lokalsamfunn?

Lokal høyring – utkast til rettleiar for gangvenlege lokalsamfunn.
Frist for å sende innspel er 30.11.2023. 

Rettleiaren er utvikla av Pensjonistforbundet, Statens Vegvesen Pensjonistforbund og Politiets Pensjonistforbund, med økonomisk stønad frå Samferdselsdepartementet. I tillegg til ei rekkje andre bidragsytarar, mellom anna Vinje pensjonistlag v/ Asbjørn Gardsjord. Rettleiaren skal vera til inspirasjon og kan brukast av kommunar, eldreråd, friviljuge og andre som ynskjer å bidra lokalt for å finne gode løysingar, og planlegge for eit aldersvenleg og gangvenleg lokalsamfunn. Rettleiaren er eit utkast og tek for seg fylgjande tema:

  • Trygg ferdsel og kryssing av veg
  • Gangvegar og snarvegar
  • Nærturar/nærløyper
  • Naturlege og kunstige ledeliner
  • Snublekantar og hindringar
  • Rekkverk, trapper og trinnfrie alternativ
  • Sitte- og kvilehøve
  • Møte- aktivitetsplassar (attraktive møteplasser)
  • Snø, is og glatte flatar
  • Belysning
  • Skilting/retning
  • Toaletter og sanitære tilhøve

Vinje kommune ved planavdelinga har blitt invitert til å teste ut denne rettleiaren, og koma med innspel til forbetring før rettleiaren blir publisert og distribuert nasjonalt. I samband med dette ynskjer me innspel frå deg. Kva meiner du er viktig for gangvenlege lokalsamfunn? 

Du kan sende innspel til kontaktperson for prosjektet “gangvenlege lokalsamfunn”:
Asbjørn Gardsjord 
e-post: asbj.gards@gmail.com 


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?