Lokal høyring – oppstart av namnesak 2024/50 – del som omhandlar Vinje kommune

Lokal høyring for skrivemåten av Piggenuten mellom Seljord og Vinje, som del av ein større namnesak i Seljord kommune. 

I samband med ei sak som gjeld eit verneområde i Nissedal kommune har Språkrådet teke opp namnesak for stadnamnet Mælstaulgjuvet mfl. i Seljord kommune. Kartverket nyttar samstundes høvet til å reise namnesak for nokre fleire namn som har skrivemåtestatusen 'føreslege' i Sentralt stadnamnregister (SSR). Saka vert teken opp for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. 

Vinje kommune handsamar lokal høyring for eitt av namna. Det er ein topp på grensa mellom Seljord og Vinje kommune, som i SSR har føreslege skrivemåte Piggenuten. Toppen ligg i Sprettedalsnutan aust for Lognvikvatn. 

Eit bilete som inneheld tekst, skjermbilete, kart     Automatisk generert skildring

Heile brevet frå Kartverket kan de lese her Pdf, 1 MB.. Merk at Vinje kommune berre handsamar Piggenuten, og eventuelle innspel til dei andre namna i lista må rettast mot Seljord kommune. 

Frist for å koma med merknader til skrivemåten er 25.03.2024.  
Innspela sender du til Vinje kommune på e-post postmottak@vinje.kommune.noeller Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje

Seljord kommune har lyst høyringa i Vest-Telemark blad 20.02.2024.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?