Sommararbeid for ungdom - 2024

Søknadsfrist: 17.03.24

Vinje kommune har sommararbeid for ungdom på ulike kommunale arbeidsplassar.
Tilbodet gjeld ungdom frå 10. klasse og til og med året du fyller 17 år. Du må vera busett i Vinje kommune.

Arbeidet varer i tre veker. Det er fint om du skriv litt om kva du helst ynskjer å arbeide med og kvar du helst vil arbeide. Av erfaring vil det vere nokre av arbeidsplassane som har fleire søkarar enn me har plassar. Det vert difor loddtrekking mellom søkjarane og du vil kunne få tilbod om anna arbeid og/eller annan arbeidsstad enn du ynskjer. Søkjarar som ikkje har hatt sommararbeid for ungdom tidlegare, vert prioritert. 

Me kan tilby sommararbeid i Åmot, Edland/Haukeli, Rauland og Øyfjell.

Døme på arbeidsplassar:

  • Omsorg
  • Barnehage
  • SFO
  • Vaktmeistartenester
  • Grøntanlegg/ andre oppgåver på teknisk
  • Reinhald

Løn etter lokal tariff.

Søknaden må du sende inn på elektronisk skjema. Lenke til skjema finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Velkomen som søkjar!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?