Slik sender du trygt elektronisk brev og dokument til kommunen

Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.
Fordelane med eDialog:
- Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal
- Det gjev ein sikker identifikasjon av avsendar
- Innsendt informasjon blir sendt rett i sak/arkivsystemet
Me anbefalar deg difor å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er sensitivt.
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten.
Meir informasjon og lenke til eDialog finn du her Åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert