Korleis er det å vekse opp i Telemark?

Det får me svar på gjennom Ungdata-undersøkinga som startar i veke 9.
I Telemark blir over 15 000 elevar på ungdomskule og videregåande skular invitert til å delta.
Ungdata-undersøkinga gjev viktig kunnskap om korleis det er å vera born og ungdom i Telemark, og korleis dette har endra seg over tid.
Ei undersøking for både born og ungdom
I tillegg får 5.-7.-klassingar i 10 kommuner tilbud om å delta i undersøkinga Ungdata Junior. Vinje kommune er ein av dei kommunane.
Dei som svarar på undersøkinga får spørsmål om foreldre, venner, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel. Elevar i Vinje har vore med på Ungdata-undersøkinga sidan 2015, og me kan no sjå utviklinga frå 2015 til i dag.
Dei fyrste resultata frå undersøkinga kjem i mai.
Her kan du lese meir om undersøkinga Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert