Temaveke - "Sei det til nokon"

Vinje kommune har stort fokus på barns oppvekstkår.
Me jobbar tverrfagleg med kompetanseauking blant tilsette og på informasjonssida for barn og føresette.
Vinje kommune har ein eigen plan for å avdekke særskilt sårbare barn og ein handlingsplan mot vald og overgrep i nære relasjonar.
Annankvart år satsar me tungt på Sei det til nokon-veka der fokuset er å sette fokus på utfordringane, snakke om det vanskelege og auke kompetansen i alle ledd.
I tillegg til det som står i programmet vil eit utval av bilete frå samlinga "Einsam, forlatt, utanfor" av Reidar Kolbrek bli utstilt på skulane. Her er det eige opplegg med refleksjonsoppgåver for klassene.
Veke 10 er eit samarbeid mellom, barnehagar, skular og helse - Programmet deires ser du her Pdf, 299 kB.

Sist oppdatert