Ein person frå Vinje omkom i trafikkulykka i Nome

Det er med stor sorg me meddelar at den omkomne i den alvorlege trafikkulykka i Nome, tidleg laurdag morgon, var ein mann i slutten av tenåra frå Vinje.  

Våre tankar og djupaste medkjensle gjeng til pårørande og etterlatne i denne tunge stunda. 

Har du behov for å snakke med nokon? 
Kriseteamet i kommunen er tilgjengeleg, og vil mellom anna vera til stades på konserten på Rauland skisenter i kveld. Anne Sem Lofthus vil vera der, og ha på seg ein gul vest som er merka med “kriseteam”. 

Mental Helse Hjelpetelefon er open heile døgnet, du kan ta kontakt på telefon 116 123.  
Har du behov for anna helsehjelp kan du kontakte legevakta, på telefon 116 117. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?